Frå 10. september og i cirka seks veker framover skal Norges geologiske undersøkelse (NGU) utføre geofysiske målingar frå helikopter i Byglandsområdet.

Avdekker restar etter Tsjernobyl-ulykka

I undersøkinga brukar NGU ein elektromagnetisk målesonde, som heng under helikopteret. Sonden registrerer elektrisk motstand i bakken og lokale variasjonar i jordas magnetfelt. Det bidrar i den generelle geologiske kartlegginga.

Samtidig blir det samla inn informasjon om radioaktive element i bakken. Desse undersøkingane kan avdekke moglege cesium-restar etter Tsjernobyl-ulykka i 1986. Naturlege bakgrunnsverdiar kan også gje ein pekepinn på radonnivået i busetnaden.

Fortsetting av målingar i 2021

Måleområdet omfattar området mellom Søtefjell i vest og Fyresvatnet i øst, Hovassvarden i nord til Rukkevatn i sør i kommunene Bygland, Valle, Fyresdal og Åmli. Målingane er ei fortsetting av målingar utført over Bygland-området i mai-juni 2021. 

Målingane blir utført av det innleigde helikopterselskapet Airlift AS frå Førde og Pegasus Helicopter AS frå Gardermoen i samarbeid med NGU. 

Blir ikkje tatt målingar i dårlig vêr

Sjølve målingane føregår ved at helikopteret flyr i parallelle liner med ei konstant høgde på 60-75 meter over bakken. Det blir ikkje føretatt målingar i dårlig vêr, som tåke, regn, snø eller sterk vind. 

Dataa blir etter kvart ope tilgjengeleg for alle i kartdatabasen på NGUs heimesider. 

NGU vil forsøke å utføre målingane i nært samarbeid med lokalbefolkninga. Bestemte verneområde eller naturreservat blir ikkje berørt av flygingane. Dersom målingane er uforenelege med annan aktivitet, ynskjer NGU å bli kontakta slik at mindre justeringar i måleopplegget kan gjerast.

Kontaktpersonar

Sjefingeniør Frode Ofstad, mobil 90 95 21 58, e-post frode.ofstad@ngu.no 

Seksjonsleder Marco Brönner, mobil 48 60 76 96, e-post: marco.bronner@ngu.no 

Kart over undersøkelsesområdet for dei geofysiske målingane med helikopter (undersøkingane vil hovudsakleg føregå nord for Bygland):

Byglandsfjorden Plan Oversikt NGU
Figur: NGU