Frå 01.01.2025 skal tekstilar leverast som eigen avfallstype. Dei bemanna avfallsmottaka i Brunkeberg, Fyresdal, Åmot og på Dalen tar imot tekstilar, klede og sko. Det du leverer på avfallsmottaka treng ikkje vere heilt, men det må ikkje vere tilgrisa, vått eller illeluktande👕👟🧤
 
Du kan framleis levere tekstilar til gjenbruk i UFF (U-landshjelp frå Folk til Folk) sine containerar rundt om kring i Vest-Telemark, men då må tekstilane vere heile, reine og tørre.