Det kan sjå freistande ut å gå på isen på utsida av Hamaren, men ver merksam på at isen er svært usikker på grunn av regulering!
Kjære foreldre og føresette: Ta ein ekstra prat med barna dykkar om isvett.
Isvettreglane:
- Ha respekt for isen.
- Ikkje gå ut på isen utan symjeferdigheiter.
- Hugs skikkeleg og tilstrekkeleg sikkerheitsutstyr – spesielt ispiggar lett tilgjengeleg.
- Gå fleire i følgje. Er de mange, gå litt spreidd.
- Hald deg på sikker is.
- Ver spesielt merksam på snødekt is og årstidsendringar.
- Bruk alle sansane, lytt etter lydar i isen.
- Viss du går igjennom isen, pust roleg, ikkje få panikk.
- Viss andre går igjennom isen, hald avstand.
Kjelde: Norges Livredningsselskap