Dei neste vekene (ut august månad) kan det bli noko lengre ventetid enn vanleg for å få time på legekontoret. Det vil bli gjort prioriteringar i forhold til kva prøver og undersøkingar som må gjerast og kva som kan vente. Akutte tilfelle vil bli prioriterte.
Ny LIS1-lege (turnuslege) vil vere på plass i byrjinga av september. Etter planen vil det vere normal drift att frå 9. september.
Vi beklagar dei ulempene dette måtte medføre. Legevakta vil fungere som vanleg.