Opplæring til elevar med synsnedsetjingar
-
Generelt om tjenesten
Tenesteomtale
Barn med synsnedsetjingar kan gå på nærskulen sin og vil få den same opplæringa som alle andre. Eleven vil få alle dei vanlege undervisningstimane, i tillegg til opplæring i punktskrift og tekniske hjelpemiddel.Eleven kan også få opplæring i aktivitetane til dagleglivet. Dette blir i så fall del av eit vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring.Målgruppe
Elevar i grunnskulen.
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
-
Lover og forskrifter
Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå spesieltOpplæringslova § 3-5.
Lover
Forvaltningsloven
Opplæringslova
Retningslinjer
Opplæring i punktskrift, tekniske hjelpemidler og mobilitet
Veileder i sosial inkludering av synshemmede elever i barne- og ungdomsskole (blindeforbundet) -
Skjema
Rettleiing - korleis få utført
Opplæring i punktskrift blir gitt til sterkt svaksynte elevar. Akkurat kva opplæringa omfattar, vil bestemmast etter ei samla vurdering der det blir lagt stor vekt på kva eleven og foreldra ønskjer. Skulen fattar så eit enkeltvedtak.
Søknaden sendes til
Fyresdal kommune
Klokkarhamaren 6
3870 Fyresdal -
Saksbehandling
Saksbehandling
Før skulen gjer eit vedtak, vil du bli varsla om at skulen behandlar saka di, og du vil få høve til å uttale deg. Skulen skal innhente alle nødvendige opplysningar for å avgjere saka, og du har rett til å sjå dokumenta i saka. Vedtaket vil innehalde grunngivinga til skulen, korleis dei kom fram til avgjerda, og kven som har vore involvert i behandlinga. Vedtaket vil bli sendt til deg skriftleg.
Saksbehandlingstid
Skulen skal behandle saka så snart som mogleg. Viss saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg beskjed om grunnen til dette. Du skal samtidig få opplyst når det er grunn til å tru at vedtaket blir gjort.
Klagemulighet
Viss du er misfornøgd med vedtaket, kan du klage innan ein frist på tre veker frå du fekk det. Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Viss du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Held oppe kommunen si avgjerd, blir saka send vidare til statsforvaltaren som avgjer om klaga skal takast til følgje.
-
Andre opplysningar
- Oppdatert:
- 2024-07-03 10:11