Rådgiving i grunnskulen
-
Generelt om tjenesten
Tenesteomtale
Som elev i grunnskulen vil du få både generell informasjon om utdanningar og yrke, og også rådgiving som er tilpassa din alder, klassetrinn og dine ønske og interesser.Ønskjer du råd om saker som ikkje gjeld opplæringa eller val av utdanningar, skal du få det òg. Råd og samtalar om det som gjeld deg personleg, kan du få på skulen, til dømes av helsesjukepleiar i skulehelsetenesta.Målgruppe
Elevar i grunnskulen.
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
-
Lover og forskrifter
-
Skjema
Rettleiing - korleis få utført
Både foreldre og elevar vil få informasjon frå skulen om korleis rådgivinga vil gå føre seg. Målet er å bevisstgjere elevane på vala dei har innanfor utdanning og yrkjer, og hjelpe dei til å tenkje langsiktig og komme i gang med planlegginga.På grunnskulenivå handlar dette i stor grad om at elevane skal bli kjent med seg sjølv, sine interesser og moglegheiter.Det sosiale livet og personlege forhold vil vere med på å påverke korleis elevane har det på skulen, kor motiverte dei er eller korleis dei lærer. Det sosiale aspektet er derfor del av rådgivingsansvaret til skulen.Søknaden sendes til
Fyresdal kommune
Klokkarhamaren 6
3870 Fyresdal -
Saksbehandling
Klagemulighet
Rådgivinga er eit ansvar skulen har, men det er ikkje noko foreldre kan søkje om, og det er heller ingen formelle klagemoglegheiter. Du kan når som helst kontakte leiinga i skulen og be om ein samtale om korleis de best kan følgje opp barnet ditt.
-
Andre opplysningar
- Oppdatert:
- 2024-07-03 10:16