Som dei fleste kjenner til, er samfunnshuset under rehabilitering. Her kjem litt informasjon om det vi veit no.
Vi byter namn; Fyresdal samfunnshus blir til Fyresdal kulturhus!
Storsalen:
Vi har fått uttrekkbart amfi på plass. Salen kan brukast med enkelt lydutstyr, og til kino. Tidleg haust blir arbeidet med lyd, lys og sceneteknikk iverksett, ferdigstilling veit vi ikkje enno. Det vil bli periodar her, kor storsalen ikkje kan brukast.
Veslesalen:
Er ferdig rehabilitert, og kan brukast som vanleg.
Oppussing av gang og ombygging av toalett:
Det er planlagd nye toalett, med tilgang utanfrå, og oppussing av foaje. Vi får lagt dette ut på anbod i løpet av september, så det blir sein haust, eventuelt vinter24/ 25, før dette blir ferdig.
Meirope bibliotek:
I løpet av hausten skal vi innføre «Meirope bibliotek». Meirope bibliotek er eit tilbod der lånar over 16 år kan få tilgang til biblioteket utanom ordinære opningstider. Ein må inngå ein avtale med biblioteket for å få tilgang til meirope. Det er mogleg det blir endring i opningstidene etter innføring av meirope bibliotek. Det kjem vi eventuelt tilbake til.
Bookingsystem og leigeavtaler:
Vi jobbar no med nye leigeavtaler og bookingsystem, og reknar med å få dette på plass i løpet av hausten. Vi planlegg så vidt det er ein offisiell opning, men vil vente med den til heile huset er ferdig, så det kjem vi tilbake til.
Mvh Kulturavdelinga