Rett og plikt til grunnskule
-
Generelt om tjenesten
Tenesteomtale
Barn har rett til å gå på skule frå det året dei fyller seks år. Foreldre har samtidig ei plikt til å ta imot grunnskuleopplæring for barnet. Opplæringa kan gjerast på ein offentleg skule, ein privat skule eller gjennom privat opplæring i heimen.For barn som kjem frå andre land, gjeld skuleretten dersom det er truleg at barnet skal bli i landet i meir enn tre månader. I så fall skal barnet få tilbod om skuleplass seinast innan ein månad etter framkomst til Noreg.For barn som kjem frå andre land, gjeld skuleplikta når barnet har vore i Noreg i tre månader. Viss barnet er utanlands i tre månader, fell plikta bort.Målgruppe
Barn i grunnskulealder, frå 1. til 10. trinn.
Pris for tenesta
Grunnskulen er gratis. Det vil seie at foreldre ikkje skal betale for opplæringa, opplæringsmateriell, transport i skuletida eller skuleturar.Det er nokre utgifter som foreldra sjølv må dekkje. Dei er:- matpakke eller utgifter som eleven har til mat i skuletida.
- gymtøy og utetøy
- ugifter til internett heime.
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
-
Lover og forskrifter
Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå spesieltOpplæringslova § 2-1, § 2-2 og § 2-5.
Lover
Opplæringslova -
Skjema
Rettleiing - korleis få utført
Det er foreldra til barnet som har ansvaret for at barnet får den grunnskuleopplæringa ho har rett og plikt til.Det er kommunen som har ansvaret for at alle barn som er busette i kommunen får oppfylt retten til offentleg grunnskuleopplæring.Søknaden sendes til
Fyresdal kommune
Klokkarhamaren 6
3870 Fyresdal - Saksbehandling
-
Andre opplysningar
- Oppdatert:
- 2024-07-03 10:15