Fyresdal kommune har inngått eit samarbeid med Larvik læringssenter om introduksjonsprogram for flyktningar busett i Fyresdal kommune. I dag gjekk startskotet for ein ny, digital kvardag med fleksible løysingar!
Prosjektet går ut på utvikle innovative løysingar i introduksjonsordninga som regulerast av Lov om integrering gjennom opplæring, utdanning og arbeid (integreringsloven). Prosjektet skal gi norskopplæring innanfor introduksjonsordninga som små kommunar har utfordringar med å dekke. Dei enkelte deltakarane skal sleppe ein krevjande reiseveg i ein ny kvardag i eit nytt land.
Kommunane Nissedal, Fyresdal og Kviteseid har vedtatt å busette 30 flyktningar kvar i 2023. Mange mindre kommunar har ikkje god nok kompetanse på vaksenopplæringsfeltet til å sjølve kunne drive norskopplæringa, derfor treng vi å utforske nye hybride digitale måtar å drive norskopplæring på, der kompetanse blir henta ifrå større etablerte læringssenter.
Prosjektet er ein pilot, det er foreløpig ikkje testa ut i nokon andre norske kommunar, og vi blir såleis med på å utforme dette heilt ifrå starten.
Målet med prosjektet er å:
- Etablere ein digital undervisningsmodell som er overførbar til andre kommunar
- Utarbeide ein rettleiar for "stedlig fasilitator” (ein tilretteleggar på staden) i undervisningslokalet i heimkommunen
- Utvikle eit fjernundervisningsrom som mogleggjer digital undervisning til ein eller fleire kommunar på same tid
- Utvikle eit klasserom der ein kan undervise både på staden og digitalt samtidig
- Lage videoar for ulike tema som deltakerane kan sjå om att og som kan vere tilgjengelege i læringsressursen
- Lage ein økonomisk modell for bruk av "per capita" (for kvar person) - tilskot i ei samarbeidsløysing om digital skule med ein tilretteleggar på staden
- Lage produktark for digitale løysingar som prosjektet finn hensiktsmessig å nytte, tilpassa deltakarar på ulike språknivå
Larvik læringssenter stiller med utdanna lærarar med undervisningserfaring ifrå introduksjonsprogram i samsvar med integreringsloven.
Fyresdal kommune har administrative oppgåver rundt organisering, vi skal stille som hjelpelærarar i undervisningsromma, og vi skal ta oss av praktiske oppgåver som måtte dukke opp undervegs.
Ved spørsmål, ta kontakt med Oddbjørn Svendsen, Samir Hegglid eller Cecilie Korneliussen:
oddbjorn.valentin.svendsen@fyresdal.kommune.no
samir.hegglid@fyresdal.kommune.no
cecilie.korneliussen@fyresdal.kommune.no