Skogplanting - skifte treslag
-
Generelt om tjenesten
Tenesteomtale
Skogeigar pliktar å plante ny produktiv skog etter ein hogst. I forskrift om berekraftig skogbruk blir det gitt krav til korleis skogforynging skal skje. Tilfredsstillande forynging blir basert på ein tabell som oppstiller anbefalt plantetal og krav om minste lovlege plantetal per dekar. Det skal ønskjast eit minimum på 10 % lauvtre ved forynging i barskog.
Skogeigar må søkje kommunen om godkjenning når:
- Det skal foryngjast med andre treslag der bartre utgjer over halvparten av volumet før hogst
- Det skal foryngjast med andre treslag i edellauvskog (unnateke i eikeskog)
- Det skal foryngjast med utanlandske treslag (her skal det godkjennast både av kommunen og av statsforvaltaren).
Skogeigar skal sende melding til kommunen når:
- Det skal reisast skog der det er snaumark
- Det skal foryngjast med barskog der det før hogst stod lauvskog på eit samanhengande areal over 100 dekar.
Målgruppe
Skogeigarar.
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
-
Lover og forskrifter
Plikta til å sende melding eller søkje til kommunen er lovpålagd. Sjå spesielt
Skogbrukslova § 6 og forskrift for berekraftig skogbruk §§ 5, 6, 7 og 8.
Lover
Forvaltningsloven
Skogbrukslova
Forskrifter
Forskrift om berekraftig skogbruk -
Skjema
Rettleiing - korleis få utført
Søknad om godkjenning skal gjerast innan 6 månader etter at hogsten er skjedd.
§ 7 i forskrift om berekraftig skogbruk gir krav til kva som blir rekna som tilfredsstillande forynging.
Skogeigar skal ha ein dokumentert plan for skjøtsel òg av lauvtrebestandet med mål om god skogproduksjon.
Kommunen kan gi rettleiing til god tilrettelegging for forynging og skogproduksjon.
Dersom skogeigaren ikkje oppfyller foryngingsplikta, kan kommunen påleggje skogeigaren å setje i verk tiltak for å sikre at arealet blir foryngt.
Kommunen må varsle skogeigaren om eit mogleg vedtak om pålegg.
Kommunen fører tilsyn med reglane om forynging. Kommunen har derfor rett til tilkomst til skogen og rett til innsyn i dokumentasjonen til skogeigedommen.
Søknaden sendes til
Fyresdal kommune
Klokkarhamaren 6
3870 Fyresdal -
Saksbehandling
Klagemulighet
Er du usamd med kommunevedtaket i samband med søknadsbehandlinga kan du klage til statsforvaltaren.
-
Andre opplysningar
- Oppdatert:
- 2024-07-03 10:19