Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Skulefritidsordning

  • Generelt om tjenesten

    Tenesteomtale

    Skulefritidsordninga har sitt eige verdigrunnlag. Den skal bidra til trivsel og gle i sjølvvald leik og tilrettelagde aktivitetar, og gi rom for rekreasjon og kvile. 
     
    Du kan søkje om plass for barnet ditt i skulefritidsordning (SFO). Det er eit tilbod før og etter skuletid til elevar i 1. til 4. trinn og til elevar med særskilde behov i 1. til 7. trinn.

    Målgruppe

    Elevar i grunnskulen.

    Pris for tenesta

    12 timar gratis SFO for 1. til 3. trinn
    Elevar på 1., 2. og 3. trinn får 12 timar gratis SFO. For dei som har deltidsplass, vil dette bety gratis SFO.
     
    Redusert betaling for elevar på 1. til 4. trinn.
    Viss den ordinære prisen er meir enn 6 % av den samla årlege inntekta til familien, har du rett til ein redusert pris. 
     
    Barn med særskilde behov
    Dersom du har eit barn med særskilde behov og som dermed får eit SFO-tilbod, skal tilbodet vere gratis for barn i 5.- 7. trinn.

    Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

    aaa
  • Lover og forskrifter
    Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå spesielt
    Opplæringslova § 4-5.

    Lover

    Forvaltningsloven
    Opplæringslova

    Forskrifter

    Forskrift om rammeplan for skolefritidsordningen

    Retningslinjer

    Regelverk for SFO

    ___
  • Skjema

    Rettleiing - korleis få utført

    Du kan søkje til kommunen om plass på skulefritidsordninga. I søknaden spesifiserer du om du har krav på redusert betaling eller om du har barn med særskilde behov.

    Søknaden sendes til

    Fyresdal kommune
    Klokkarhamaren 6
    3870 Fyresdal

    postmottak@fyresdal.kommune.no

  • Saksbehandling

    Saksbehandling

    Før kommunen gjer eit vedtak, vil du bli varsla om at kommunen behandlar saka di, og du vil få høve til å uttale deg. Kommunen skal innhente alle nødvendige opplysningar for å avgjere saka, og du har rett til å sjå dokumenta i saka. Vedtaket vil innehalde grunngivinga til kommunen, korleis dei kom fram til avgjerda, og kven som har vore involvert i behandlinga. Vedtaket vil bli sendt til deg skriftleg.

    Saksbehandlingstid

    Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Viss saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg beskjed om grunnen til dette. Du skal samtidig få opplyst når det er grunn til å tru at vedtaket blir gjort.

    Klagemulighet

    Viss du er misfornøgd med vedtaket, kan du klage innan ein frist på tre veker frå du fekk det. Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Viss du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Held oppe kommunen si avgjerd, blir saka send vidare til statsforvaltaren som avgjer om klaga skal takast til følgje.

  • Andre opplysningar
    Oppdatert:
    2024-07-03 10:20