Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Skulereglar og reglar for bortvising

  • Generelt om tjenesten

    Tenesteomtale

    Kvar skule lagar skulereglane sine. Reglane blir brukte for å organisere skuledemokratiet, og for å fortelje kva som er lov og ikkje lov på skulen. Skulen bestemmer kva som skal skje når reglane blir brotne. Men også opplæringslova gir enkelte føringar når det gjeld utvising.
     
    Den som bryt skulereglane, kan risikere å bli bortvist for ein periode. Skulen skal likevel først vurdere om mindre alvorlege sanksjonar vil vere nok, og eleven skal få høve til å forklare seg.
     
    For elevar på 1. til 7. trinn kan bortvisinga gjelde enkelttimar eller resten av dagen. Foreldre skal få melding frå skulen før bortvising resten av dagen.
     
    For elevar på 8. til 10. trinn kan bortvisinga gjelde opp til tre dagar.
     
    Viss ein elev oppfører seg slik at det går ut over tryggleiken og læringa til andre, kan kommunen bestemme at eleven skal flyttast til ein annan skule.
     
    Anten bortvisinga gjeld for nokre timar eller for fleire dagar, skal eleven få høve til å fortelje si side av saka før avgjerda blir teken.

    Målgruppe

    Elevar i grunnskulen.

    Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

    aaa
  • Lover og forskrifter
    Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå spesielt
    Opplæringslova § 10-2 § 10-7 § 13-1 og § 13-2.

    Lover

    Opplæringslova

    ___
  • Skjema

    Søknaden sendes til

    Fyresdal kommune
    Klokkarhamaren 6
    3870 Fyresdal

    postmottak@fyresdal.kommune.no

  • Saksbehandling

    Klagemulighet

    Bortvising på éin dag eller meir er eit enkeltvedtak, og det kan du klage på.
    Klaga må vere skriftleg og grunngitt. Klaga sender du til rektor. Klagefristen er tre veker etter at melding om vedtaket er motteke. I klaga skal du angi kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngi dette. Klageinstans er statsforvaltaren. Før klaga blir send dit, skal rektor vurdere om det er grunn til å endre vedtaket.
  • Andre opplysningar
    Oppdatert:
    2024-07-03 10:22