Sidan 1997 har Norges Svømmeforbund (NSF) arrangert Svøm langt – ein årleg mosjonskampanje med deltakarar frå heile landet. På det meste har kampanjen hatt opptil 30 000 deltakarar fordelt på meir enn 200 svømmehallar.

Målet med kampanjen er å skape gode mosjonsvaner hos befolkninga og motivere til å bruke svømmehallen som arena for fysisk aktivitet.

I årets kampanje kan ein vinne eit reisegåvekort på kr 25 000,- i vaksenklassen og kr 12 500,- i barneklassen. Kampanjen gjennomførast kvart år mellom 1. januar og 31. mars og ein må ha nådd distansemåla innan 31. mars for å kunne vere med i trekninga om hovudpremien.

Målet med kampanjen er ikkje å svømme lengst mogleg, men i staden motivere og legge til rette for å bruke bassenget til trening og mosjon. Alle – uansett alder eller fysisk føresetnad – er velkomne til å delta.

Sjekk ut www.svomlangt.no for meir informasjon om kampanjen og korleis du registrerer deg.