Teiknspråkopplæring i barnehagen
-
Generelt om tjenesten
Tenesteomtale
Barn som ikkje har begynt på skulen enda kan få teiknspråkopplæring. Som regel vil det vere barnehagen som gjennomfører opplæringa, men barnet ditt har rett til teiknspråkopplæring, også om det ikkje går i barnehagen. Det er kommunen som fattar vedtak om teiknspråkopplæring for barn under skulealder.
Målgruppe
Barn i barnehagen, barn i barnehagealder.
Kriterium/vilkår
Dersom barnet flytter til ein annan kommune skal opplæringa i teiknspråk fortsetje, helt til den nye kommunen har fatta vedtak.
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
-
Lover og forskrifter
Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå spesielt barnehagelova § 38.
Lover
Barnehageloven
Forvaltningsloven -
Skjema
Rettleiing - korleis få utført
Dersom du meiner at barnet ditt treng teiknspråkopplæring, kan du vende deg til helsestasjonen, barnehagen eller kommunen sentralt.
Søknaden sendes til
Fyresdal kommune
Klokkarhamaren 6
3870 Fyresdal -
Saksbehandling
Saksbehandling
Kommunen gjer ei sakkunnig vurdering i samarbeid med PP-tenesta. Dette kan berre gjerast etter foreldra sine samtykke. Foreldra skal få sjå innhaldet i den sakkunnige vurderinga, og dei kan få uttale seg om innhaldet før kommunen fattar vedtak.Vedtaket skal blant anna nemne:- kor lenge opplæringa skal vare
- kva omfang opplæringa skal ha
- korleis opplæringa skal organiserast
- kva kompetanse dei som gir opplæringa skal ha.
Når tilbodet i opplæringa blir utforma, skal det gjerast i samarbeid med foreldra.Saksbehandlingstid
Kommunen skal behandle saka så snart som mogeleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til dette. Du skal samtidig få opplyst når det vert anteke at vedtaket vert fatta.
Klagemulighet
Når kommunen har fatta eit enkeltvedtak om teiknspråkopplæring, utløyser dette ein rett til å klage. Dersom du er misfornøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Blir avgjerd Oppretthalden, blir saka send vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klaga skal takast til følgje.
-
Andre opplysningar
- Oppdatert:
- 2024-07-03 10:25