Vest-Telemarkrådet skal saman med kommunane i Vest-Telemark arrangere tre kveldar i november månad med tema «Tips og råd om energisparing i huset ditt».
Håkon Minnesjord Solheim, tømrar, sivilarkitekt og energirådgjevar for ENOVA, vil kome med gode råd om ENØK-tiltak, energibruk, energikjelder, og praktiske tips om korleis vi kan spare pengar på enkle bygningstekniske tiltak på bustadhusa våre. Det vil i tillegg bli lokale eksempel frå kvar kommune samt informasjon om ENOVA-støtteordningar til ENØK-tiltak.
Du kan møte der det passar deg best:
- Granvin kulturhus i Seljord onsdag 15. november kl. 17-19
- Vinjehuset i Åmot torsdag 23. november kl. 17-19
- Fyresdal Næringshage i Fyresdal torsdag 30. november kl. 17-19
Enkel servering.
Hjarteleg velkomen!