Velkomen til vaksinering på legekontoret:
- Torsdag 19. oktober kl. 14.30-18.00
- Onsdag 25. oktober kl. 14.30-18.00
Prisar:
- Influensavaksine: Kr 200,-
- Lungebetennelsevaksine (pneumokokk): Kr 400,-
- Koronavaksine: Gratis
Influensevaksine anbefalast til:
- Bebuarar i omsorgsbustadar og sjukeheim
- Alle frå fylte 65 år
- Personar med ulike kroniske sjukdomar, gravide (2. og 3. trimester), og gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko
- Prematurt fødde barn, særleg barn fødde før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månadar (kronologisk alder) til 5 år
- Helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenesten som har nær kontakt med pasientar ved behandling eller pleie
- Personar som bur saman med (eller er tilsvarande nære) immunsupprimerte
- Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar
- Saneringspersonale og andre som jobbar med mistenkt eller bekrefta influensasjuk tamfugl
Lungebetennelsevaksine (pneumokokk) anbefalast til:
- Alle over 65 år
- Dei som har sjukdom som gir immunsvikt
- Dei som brukar medisinar som svekkar immunforsvaret
- Dei som har ein kronisk sjukdom eller tilstand som gir auka risiko for pneumokokksjukdom
Lungebetennelsevaksine kan gjevast kvar 6. år.
Oppfriskingsdose med koronavaksine anbefalast til:
- Personar i aldersgruppa 65 år og eldre, og sjukeheimsbebuarar
- Personar i aldersgruppa 18-64 år som inngår i ei risikogruppe
- Ungdom i aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom
- Barn i alderen 6 månadar til 11 år med alvorleg grunnsjukdom dersom barnets lege vurderer dette som viktig
- Gravide i 2. og 3. trimester (vaksinasjon i 1. trimester kan vurderast dersom den gravide har tilleggssjukdomar som gir ytterlegare auka risiko)
Det må ha gått 6 månadar siden sist dose koronavaksine.
Nyttige lenker til fhi.no:
- Informasjon om kva vaksiner vaksne treng
- Informasjon om pneumokokkvaksine til risikogrupper
- Informasjon om influensavaksine til risikogrupper
- Informasjon om koronavaksine
Oversikt over dine vaksiner?
Du kan sjekke kva vaksiner du har tatt ved å logge inn på helsenorge.no. Har du barn under 16 år, kan du også sjå deira vaksiner.