Fyresdal kommune søker medlemmer til forliksrådet for perioden 2025-2028.
Medlemmene i eit forliksråd må oppfylle fylgjande kriterium:
- Må vere fylt 25 år
- Må ha høg digital kompetanse
- Må ha tid til å gjennomføre rettsmøte og saksførebuingar
- Må kunne jobbe sjølvstendig
Domstollovens § 56 (2) stiller krav til at forliksrådsmedlemmer må vere særleg eigna til oppgåva. Dette kravet inneber til dømes ei eller fleire av fylgjande ferdigheiter:
- Erfaring med forhandlingar eller mekling
- Juridisk kompetanse
- Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsferdigheiter
- Stor gjennomføringsevne
- Erfaring med møteleiing
- Gode samarbeidsevner
Det er Sør-Øst politidistrikt som har ansvaret for sekretariatsoppgåvene for forliksrådet.
Noko for deg?
Send oss ei melding, anten via e-post postmottak@fyresdal.kommune.no eller eDialog.
Spørsmål?
Ta kontakt med Mikko Äijälä på mikko.aijala@fyresdal.kommune.no.