Vi har behov for å kartlegge bedrifter og privatpersonar som vil tilby overnatting, servering, mat og andre opplevingar til turistar i 2024. Dette skal vi m.a. bruke til å utbetre dagens nettside knytt til reiseliv, www.visittelemark.no/fyresdal. Vi skal også jobbe fram litt nye konsept innan reiselivet, og vil gjerne høyre frå dykk så fort som mogleg, då sesongen er rett rundt hjørnet!
Ynskjer DU å selje produkt, oppleving, overnatting, mat eller andre tenester? Send ein e-post til Gerd Straume på gerd.straume@fyresdal.kommune.no (gjerne så snart som råd).
Marknadsråd i regi av Visit Telemark 14. mars
Vi ynskjer samtidig å invitere til eit såkalla marknadsråd i regi av Visit Telemark! Dette vil gå føre seg torsdag 14. mars kl. 17.00-19.00 i Fyresdal Næringshage (møterom Roan). Alle som har planar knytt til reiseliv er hjarteleg velkomne!
Agenda for kvelden:
- Velkomen
- Siste nytt frå kommunen ved Gerd
- Nytt frå Visit Telemark
- Partneravtale med Visit Telemark
- Status nettside
- Eventuelt
Marknadsrådet er ope både for medlemmer og ikkje-medlemmer.
Påmelding til gerd.straume@fyresdal.kommune.no eller 90 59 18 36.
Velkomen!