Bygdeutviklingsmidlar
-
Generelt om tjenesten
Tenesteomtale
Du kan søkje om investerings- og bedriftsutviklingsmidlar til
- Ressursavklaring for investeringar
- Etablering av ny verksemd
- Bedriftsutvikling
- Investeringar i produksjonsanlegg
- Investeringar i frukt- og bærdyrking
- Investeringar i samband med generasjonsskifte
- Investeringar i gjødsellager.
Midlane blir sette av i jordbruksavtalen. Dei skal leggje til rette for langsiktig og lønsam verdiskaping, bidra til sysselsetting, busetting og eit variert landbruk i alle delar av landet med utgangspunkt i ressursane i landbruket generelt og landbrukseigedomen spesielt.
Målgruppe
Eigar av landbrukseigedom eller registrert føretak som driv næringsutvikling med utgangspunkt i ressursane i landbruket
Kriterium/vilkår
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
-
Lover og forskrifter
Lover
Forvaltningsloven
Forskrifter
Forskrift om midler til investering mv. i landbruket
Retningslinjer
Innovasjon Norge - Finansiering for landbruket - Skjema
-
Saksbehandling
Saksbehandlingstid
Innan éin månad etter at Innovasjon Noreg har motteke søknaden, skal du få eit mellombels svar der det går fram kven som er saksbehandlar, og kor lang saksbehandlingstid ein må rekne med.
Klagemulighet
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til distriktskontoret til Innovasjon Noreg innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom Innovasjon Noreg lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til klagenemnda i Innovasjon Noreg, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
-
Andre opplysningar
- Oppdatert:
- 2020-06-09 12:51