Dagaktivitetstilbod til heimebuande med demens
-
Generelt om tjenesten
Tenesteomtale
Tilbodet om dagaktivitetar for heimebuande med demens er tilpassa behovet og meistringsnivået til brukaren, og skal gi gode opplevingar og meiningsfulle kvardagar. Samtidig vil du som pårørande få nødvendig avlasting.Eksempel på aktivitetar som vi kan tilby er:- gå- eller sykkelturar
- trening, dans, song og musikk
- lese- og poesigrupper
- kulturopplevingar
- handverk
- friluftsopplevingar.
Målgruppe
1. Personar med demens som bur heime.2. Personar med demens som har korttidsopphald på institusjon.
3. Pårørande til personar med demens som anten bur heime eller har korttidsopphald.Kriterium/vilkår
Pris for tenesta
Kommunen kan ta ein eigendel for tenesta.
Dersom tilbodet om dagaktivitet er meint for å avlaste deg som er pårørande, er tenesta gratis.Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Samarbeidspartnarar
-
Lover og forskrifter
Dette er ei lovpålagd teneste.
Sjå spesielt helse- og omsorgstenestelova § 3-2 nr. 7 og pasient- og brukarrettslova § 2-1a.Lover
Forvaltningsloven
Helse- og omsorgstjenesteloven
Pasient- og brukerrettighetsloven
Forskrifter
Forskrift om egenandel for helse- og omsorgstjenester -
Skjema
Rettleiing - korleis få utført
Du må sende ein søknad til kommunen. Kommunen fattar deretter eit vedtak basert på ei individuell vurdering av brukaren sine behov og ønske.
Vedlegg
Søknadsfrist
-
Saksbehandling
Saksbehandling
Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.
Saksbehandlingstid
Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.
Klagemulighet
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje.
Du kan også klage til Statsforvaltaren i fylket ditt over uforsvarleg utføring av tenesta, utilstrekkeleg eller feil informasjon eller brot på teieplikta.
Skulle det skje ei svært alvorleg hending i samband med tenesta kan du som pårørande eller pasient sende ei varsling direkte til Statens helsetilsyn på telefonnummer 474 86 882.
Merknader
-
Andre opplysningar
- Oppdatert:
- 2020-06-09 12:51