Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Fri rettshjelp

  • Generelt om tjenesten

    Tenesteomtale

    Har du dårleg økonomi og treng juridisk hjelp, kan du søkje om fri rettshjelp. Dette inneber at staten heilt eller delvis dekkjer utgiftene dine til advokathjelp og fri sakførsel i retten.

    Prioriterte sakstypar er

    • familiesaker
    • erstatning for personskade
    • oppseiing/utkasting av bustad 
    • oppseiing/avskjed i arbeidsforhold
    • trygd
    • pensjon

    Målgruppe

    Personar som ikkje har økonomi til å betale for juridisk rådgjeving eller sakførsel.

    Kriterium/vilkår

    • Du har bruttoinntekt eller næringsinntekt som ikkje er større enn 350 000 kroner for einslege, 540 000 kroner for ektefellar. Formuesgrensa er 150 000 kroner
    • Du har ikkje teikna rettshjelpsforsikring som heilt eller delvis dekkjer utgiftene til juridisk bistand med mindre særlege forhold gjer det rimeleg

    I enkelte tilfelle kan Statsforvaltaren gjere unntak for inntektsgrensa. Uavhengig av inntekt og formue kan det blir gjeve fri rettshjelp

    • i barnevernssaker i barneverns- og helsenemnda
    • i saker for Kontrollkommisjonen for psykisk helsevern og rettssaker om utskriving frå tvunge psykisk helsevern
    • i saker om militærnekting
    • i saker om tvangsekteskap
    • i saker der eit valdsoffer krev erstatning frå gjerningsmannen
    • i saker om erstatning for grunnlaus straffeforfølging
    • for å vurdere anmelding av valdtekt
    • for å vurdere anmelding i sak om menneskehandel
    • i saker om NAV si feilaktige praktisering av EU si trygdeforordning

    Advokaten som du ønskjer å nytte, må normalt halde til i nærleiken av der du bur eller har tilhald.

    Pris for tenesta

    Viss du får fri rettshjelp vil du måtta betale ein eigendel på 1215 kroner (2024).

    Personar med bruttoinntekt under 100 000 kroner pr. år betalar ikkje eigendel.

    Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

    aaa
  • Lover og forskrifter
  • Skjema

    Rettleiing - korleis få utført

    For å få fri rettshjelp må du fylle ut eit eigenerklæringsskjema der du gjer greie for den økonomiske situasjonen din. Skjemaet sender du til Statsforvaltaren saman med opplysningar om kva saka gjeld. Vel du å ta kontakt med ein advokat, vil denne i mange tilfelle sjølv kunne innvilge fri rettshjelp eller hjelpe deg med å sende søknaden vidare.

    Skjema

    Søknad om fri rettshjelp

    Vedlegg

    Legg ved utskrift av den siste likninga eller annan stadfesting på din økonomiske situasjon dersom den har endra seg.

  • Saksbehandling

    Saksbehandling

    Hovudregelen er at Statsforvaltaren avgjer saker om fri rettshjelp. I enkelte tilfelle kan likevel dette blir avgjort av advokaten sjølv eller av retten ved fri sakførsel.

    Klagemulighet

    Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til Statsforvaltaren innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom Statsforvaltaren lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Justisdepartementet, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

  • Andre opplysningar
    Oppdatert:
    2020-06-09 12:51