Fysioterapi
-
Generelt om tjenesten
Tenesteomtale
Fysioterapi kan bli gjeve både for å forebyggje og for å behandle sjukdom eller skade. I den kommunale fysioterapitenesta er fysioterapeuten anten tilsett av kommunen eller har ein driftsavtale med kommunen. Du kan få behandling aleine eller i gruppe. Tenesta er ein del av kommunen sitt tverrfaglege habiliterings- og rehabiliteringstilbod, og blir òg tilbode i sjukeheim.
Målgruppe
Eldre, personar med nedsett funksjonsevne og personar som er sjuke eller skadde
Kriterium/vilkår
Fysioterapitenesta i kommunen eller legen din vil gjere ei undersøking og ei fagleg vurdering av behovet.
Pris for tenesta
Dei fleste må betale ein eigenandel når dei har time hos fysioterapeut eller manuellterapeut.For 2024 er eigenandelstaket 3165 kroner. Når det beløpet er nådd, får du automatisk eit frikort som ligg digitalt på helsenorge.no.Logg inn på helsenorge.no for å sjå eigenandelane som er registrerte på deg.Nokre grupper betalar ikkje eigenandel for undersøking og behandling av fysioterapeut. Dette gjelder- born under 16 år
- personar med godkjent yrkesskade (gjeld også soldatar i førstegangsteneste i Forsvaret)
Du treng ikkje tilvising til fysioterapeut for å få dekt utgifter til fysioterapi.
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
-
Lover og forskrifter
Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå forskrift om habilitering og rehabilitering §§ 7 og 8.
Sjå òg folketrygdloven § 5-8, pasient- og brukerrettighetsloven § 1-3 og kapittel 7 og forskrift for sykehjem § 2-1.
Lover
Folketrygdloven
Pasient- og brukerrettighetsloven
Forskrifter
Forskrift for sykehjem
Forskrift om funksjons- og kvalitetskrav for fysioterapeuter med kommunal driftsavtale
Forskrift om habilitering, rehabilitering og koordinator
Forskrift om stønad til dekning av utgifter til fysioterapi m.m.
Syketransportregisterforskriften -
Skjema
Rettleiing - korleis få utført
Du kan få tenesta anten du bur heime eller på institusjon. Bur du heime og ikkje er i stand til å oppsøkje eit fysikalsk institutt, kan du få tilbod om at behandlinga skal skje i heimen.
-
Saksbehandling
Klagemulighet
Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer.
-
Andre opplysningar
- Oppdatert:
- 2020-06-09 12:51