Økonomisk rådgjeving - gjeldsrådgjeving
-
Generelt om tjenesten
Tenesteomtale
Klarer du ikkje å betale rekningane dine og slit med å få pengane til å strekke til?
Har du problem med å betale gjeld?
Ta kontakt med NAV i kommunen og avtal eit møte. Dei kan gje deg økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving. Økonomisk rådgjeving er gratis.
Du kan få hjelp til å:
Finne ut korleis du kan redusere utgiftene.
Vurdere moglegheiter for å auke inntektene.
Sette opp eit realistisk budsjett.
Få oversikt over rettigheiter og plikter i ein gjeldssituasjon.
Forhandle og gjere avtale med kreditorane.
Skrive søknad om gjeldsordning.
Kontakte namsmannen i utleggssaker.
For å best mogeleg oversikt over økonomien din og gje deg gode råd, treng vi dokumentasjon. Til første møtet tek du med deg:
Lønsslipp og trygdeytingar dei tre siste månadene.
Sjølvmelding og skatteoppgjer.
Kopi av husleigekontrakt eller betalingsoversikt på bustadlån.
Kopi av krav om faste utgifter som forsikringar, straum, barnehage, SFO osb.
Kopiar av ubetalte rekningar, krav frå inkassobyrå, gjeld, lån og kredittgjeld.
Utleggsbegjæring frå namsmannen, eventuelt innkalling til forliksrådet.
-
Lover og forskrifter
Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå
Gjeldsordningsloven § 1-5 Kommunens plikt til å bistå personer med alvorlige gjeldsproblemer
Lov om sosiale tjenester i NAV § 17 Opplysning, råd og veiledningLover
Forvaltningsloven
Gjeldsordningsloven
Sosialtjenesteloven
Forskrifter
Forskrift om livsoppholdssatser
Retningslinjer
Gjeldsordningsloven - veiledende livsoppholdssatser - Skjema
-
Saksbehandling
Saksbehandlingstid
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd.
-
Andre opplysningar
- Oppdatert:
- 2020-06-09 12:52