Leirskuleopphald
-
Generelt om tjenesten
Tenesteomtale
Leirskule eller skuletur med minst tre overnattingar er ein del av den obligatoriske grunnskuleopplæringa.
Skulane skal sjølv kunne velje korleis turen skal organiserast ut frå lokale forhold og høve. Krava som blir stilte, er at turen må ha ei lengd på minst tre overnattingar og at ein del av aktivitetane på turen skal vere opplæring. Turen skal planleggjast saman med elevar og foreldre, og det skal takast omsyn til ulike behov blant elevane.Målgruppe
Kriterium/vilkår
Alle elevar skal ha høve til å delta på ein leirskule eller skuletur. Det gjeld òg elevar med funksjonshemming. Du kan ikkje utestengast frå skuleturar på grunn av dårleg orden eller åtferd.
Pris for tenesta
For eleven er leirskuleopphaldet gratis.For skuleturar utanom leirskule kan det koma kostnader til mat. Turen treng ikkje finansierast av skulen. Ein skuletur kan til dømes finansierast ved hjelp av dugnad, småjobber eller loddsalg.Ein føresett eller ein foreldregruppe kan donera pengegåver til ein slik skuletur, men gåva må gjevast anonymt, og må koma heile elevgruppa til gode.Samarbeidspartnarar
-
Lover og forskrifter
Sjå opplæringslova §§ 2-3, 2-15, 10-9 og 13-7b.
Lover
Opplæringslova
Retningslinjer
Utestengelse fra skoletur som sanksjon -
Skjema
Skjema
- Saksbehandling
-
Andre opplysningar
- Oppdatert:
- 2020-06-09 12:52