Skogplanting - tilskott
-
Generelt om tjenesten
Tenesteomtale
Det er landbruksdirektoratet som utbetaler tilskotet, men kommunen som behandlar søknaden og fattar vedtak.For nyplanting og klargjering av mark kan du få dekka inntil 60% av dine kostnader. For suppleringsplanting kan du få dekka inntil 30 % av dine kostnader.Søknad om tilskot blir sendt inn når arbeidet er fullført og oversikt over kostnadene er klart.Målgruppe
Skogeigarar
Kriterium/vilkår
Alle skogeigarar som har meir enn 10 daa produktiv skog, og som har oppfylt kravet om minimum utplantingstal, kan søkje om tilskott.
Pris for tenesta
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Samarbeidspartnarar
-
Lover og forskrifter
Sjå § 4 i forskrift om miljøtiltak i skogbruket og § 5 i forskrift om berekraftig skogbruk
Lover
Forvaltningsloven
Forskrifter
Forskrift om berekraftig skogbruk
Forskrift om miljøtiltak mv. i skogbruket -
Skjema
Rettleiing - korleis få utført
Gå til Skogfondssystemet via Altinn, for å søkje. Her blir du bedd om å logge inn. Du finn informasjon om korleis du loggar inn, på nettsidene til Altinn.Dersom du ikkje har høve til å søkje digitalt kan du bruke skjema Utbetaling frå skogfond og søknad om tilskot til skogkultur (LDIR-909), for å sende søknad på e-post eller som brev.Du søkjer om tilskot til tettare planting samtidig og på same måte, anten digitalt eller på skjema, som du søkjer om refusjon av skogfond eller vanleg tilskot til nyplanting og suppleringsplanting. Forutan kravet om kartfesting ved tettare planting, så skal søknaden innehalde dei same opplysingane. Skogfondsystemet reknar sjølv ut om tiltaket kvalifiserer for tilskot til tettare planting.Vedlegg
Nødvendig dokumentasjon skal følgje med søknaden om tilskot. Det er krav om kartfesting. Kopi av faktura for kjøp av planter og utført arbeid er vedlegg som skal følgje med søknaden.
Søknadsfrist
Frist for å levere søknad til kommunen er 1. august for vårplanting og 7. november for haustplanting.
Søknaden sendes til
Fyresdal kommune
Klokkarhamaren 6
3870 Fyresdal -
Saksbehandling
Saksbehandling
Når kommunen har motteke søknaden, sjekkar dei opplysingane du har sendt inn. Dersom dei har behov for meir informasjon, kan dei be om dette.Kommunen behandlar søknaden og fattar vedtak.Saksbehandlingstid
Kommunen/statsforvaltaren skal behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan bli avgjort innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til dette. Du skal samstundes få opplyst når ein meiner at vedtaket blir gjort.
Klagemulighet
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. Før opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Klageinstans er statsforvaltaren for vedtak gjort av kommunen og Landbruksdirektoratet for vedtak gjort av statsforvaltaren. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen som gjort vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.
Merknader
-
Andre opplysningar
- Oppdatert:
- 2024-07-03 10:20