Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Tannhelseteneste

  • Generelt om tjenesten

    Tenesteomtale

    Fylkeskommunen har ansvaret for den offentlege tannhelsetenesta og tilbyr gratis behandling for alle under 18 år og til prioriterte grupper.
    Barn får innkalling til jamlege kontrollar frå dei er ca 3 år gamle. Fram til barnet er 18 år vil næraste tannklinikk vere den som tek kontakt for time til kontroll og behandling.

    Målgruppe

    Barn og ungdom fram til dei er 18 år.
     
    I tillegg vil desse gruppene få eit regelmessig og oppsøkjande tilbod
    • psykisk utviklingshemma i og utanfor institusjon
    • eldre, langtidssjuke og uføre som er i insititusjon eller får heimesjukepleie
    • unge vaksne frå året dei fyller 19 til og meir året dei fyller 24 år
    • rusmiddelavhengige som også får helsetenester
    • innsette i fengsel.
    I tillegg til desse kan fylkeskommunen velje ut andre grupper som får eit oppsøkjande tannhelsetilbod.

    Pris for tenesta

    Den offentlege tannhelsetenesta er gratis for 
    • barn 0-18 år
    • personar som bur på institusjon eller får heimesjukepleie i meir enn tre månader
    • psykisk utviklingshemma
    • rusmiddelavhengige som får personleg assistanse eller LAR
    • rusmiddelavhengige kvar pårørande får avlasting frå kommunen
    • innsette i fengsel som har eit opphald på meir enn tre månader
    • akutt tannhelsehjelp for innsette i fengsel.
    Grupper som får redusert betaling hos tannlegen
    • aldersgruppa 19-24 år skal betale 25 % av utgiftene til tannbehandling.
    Grupper med spesielle ordningar for betaling av tannhelsetenester
    • flyktningar og asylsøkjarar på statlege mottak
    • personar med tannlegeskrekk.

    Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

    aaa
  • Lover og forskrifter
  • Skjema

    Rettleiing - korleis få utført

    Fylkeskommunen skal vere proaktive og oppsøkjande for dei gruppene som har gratis tannhelseteneste. Dei andre prioriterte gruppene kan sjølv søkje opp tannlege og bestille time.
     
    Det er tannhelsetenesta der du bur som kan hjelpe deg med informasjon om betalingsordningane. Du finn næraste tannklinikk på nettsidene til fylkeskommunen din.
     
    Hjelp til å betale for tannlegebehandling kan inngå i NAVS ordningar for økonomisk sosialhjelp. Økonomisk sosialhjelp - nav.no

    Søknaden sendes til

    Fyresdal kommune
    Klokkarhamaren 6
    3870 Fyresdal

    postmottak@fyresdal.kommune.no

  • Saksbehandling

    Klagemulighet

    Om du meiner at du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med korleis tenesta er utført, kan du sende ein klage til det organet som fylkeskommunen avgjer. Går avgjerda deg imot eller klagen avvist, kan du klage til Statsforvaltaren.

  • Andre opplysningar
    Oppdatert:
    2024-07-03 10:25

Tjenester