Sjølvbyggjar
Ønskjer du å byggje ditt eige hus eller hytte sjølv? Då må du søkje kommunen og få godkjenning som sjølvbyggjar.
Tenesteomtale
Kriterium/vilkår
- heilårsbustad
- fritidsbustad
- garasje, uthus, påbygg, tilbygg
Pris for tenesta
Du betalar eit gebyr for saksbehandlinga.
Brosjyrar, dokument,
kart og liknande
Lover
Byggesaksforskriften (SAK 10)
Plan- og bygningsloven
Forvaltningsloven
Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta
Ta kontakt med kommunen for meir informasjon om det å vere sjølvbyggjar. Då får du òg meir informasjon om kva kompetanse som blir kravd for å få godkjent ansvarsrett som søkjar, prosjekterande og utførande. Om du berre ønskjer å bli godkjend som ansvarleg utførande (som er det mest vanlege), må du også ta kontakt med eit firma som kan stå ansvarleg for heile søknadsprosessen som er knytt til sjølve byggjetiltaket.
Søknaden om ansvarsrett skal følgje søknaden om løyve.
Søknad om løyve kan òg delast opp. Når prosjekteringa er ferdig, blir det søkt om eit rammeløyve som avklarar rammene for tiltaket. Deretter, når ansvarleg føretak for utføringa og eventuell kontroll er bestemt, blir det søkt om igangsetjingsløyve. Når igangsetjingsløyvet er gjeve, kan du setje i gang arbeidet. Det er naturleg at søknad om ansvarsrett i dette tilfellet følgjer søknaden om igangsetjingsløyve (etter at rammeløyvet ligg føre).
Vedlegg
Dokumentasjon på erfaring og kompetanse
Saksbehandling
Du vil få beskjed om at kommunen behandlar saka di, og du vil få høve til å uttala deg. Kommunen skal innhenta alle nødvendige opplysningar for å avgjera saka, og du har rett til å sjå dokumenta i saka. Vedtaket vil innehalda grunngivinga til kommunen, korleis dei kom fram til avgjerda, og kven som har vore involvert i behandlinga. Vedtaket vil bli sendt til deg skriftleg.
Saksbehandlingstid
Ein fullstendig søknad om løyve som ikkje medfører dispensasjon frå vilkåra, skal avgjerast av kommunen innan tolv veker. Byggjesaksgebyret skal reduserast med 25 % for kvar påbyrja veke tidsfristen blir overskriden.
Har det ikkje komme nokre merknader frå naboar/tverrbuarar og uttalar frå annan myndigheit ikkje er nødvendig, skal kommunen avgjere saka innan tre veker. Dersom kommunen ikkje har avgjort søknaden innan fristen går ut, blir løyvet rekna for gjeve under føresetnad av at det du søkjer om, ikkje er i strid med gjeldande reglar og planar.
Høve til å klage
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje.
Tenesta oppdatert: 06.01.2025 16:18