Skjema
- Gravemelding, sanitærmelding og varslingsplan
- Klage på renovasjon (KF-276)
- Renovasjon
- Renovasjon - Søknad om dispensasjon for fritak/endring av abonnement (KF-502)
- Vrakpant på fritidsbåtar
Alle som skal byggje, rive eller rehabilitere bygg av ein viss storleik, skal lage ein plan for korleis avfallet skal handterast (gjeld òg tiltak som ikkje er søknadspliktige etter plan- og bygningslova). Minst 60 prosent av avfallet må kjeldesorterast. Målet er mellom anna å hindre at miljøfarlege stoff blir spreidde, redusere mengda byggavfall og auke gjenbruk og gjenvinning.
Etter at tiltaket er fullført, skal avfallsprodusenten sende inn sluttrapport som dokumenterer kor mykje som er innlevert av dei ulike avfallsfraksjonane.
Etter byggesaksforskrifta § 8-1 skal sluttrapport sendast inn saman med søknad om ferdigattest.
Alt avfall frå riving og miljøsanering må handterast og dokumenterast før du kan få ferdigattest.
Avfallsprodusentar, det vil seie tiltakshavarar (byggherrar) og ansvarleg utførande føretak
Kravet om avfallsplan gjeld mellom anna
Sjå spesielt
Ein tilrår at du nyttar skjemaa for avfallsplan og sluttrapport (sjå under). I samband med rehabilitering og riving skal du òg utarbeide ei eiga miljøsaneringsutgreiing for farleg avfall.
Avfallsplanen skal m.a. innehalde
Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) har samla alle byggesaksskjemaene på sida Byggesaksblanketter.
Saman med sluttrapporten skal du levere kopi av kvitteringar for avfallet som er levert.
Dette kan vere
For tiltak som både
vil behandling av avfallsplan og miljøsaneringsutgreiing vere knytt opp mot byggjesaksbehandlinga.
Vil vere avhengig av byggjesaka og type byggjetiltak
Dersom du ikkje får godkjenning, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot avslaget. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje.