Tenesteomtale
For å bli kopla til det offentlege vass- og avløpsanlegget i kommunen må du søkje kommunen om tilknyting. Det kan gjelde for nye byggjetiltak eller dersom du har fått pålegg om tilknyting etter reglane i plan- og bygningslova. Som abonnent er du ansvarleg for at ditt private vass- og avløpsanlegg (slik som stikkleidningar og utstyr på utsida av husveggen som blir knytte til det offentlege anlegget) er i forskriftsmessig stand. Kommunen har ansvar for å byggje, drifte og vedlikehalde det kommunale vass- og avløpsanlegget.
Du skal få informasjon i god tid dersom det skjer planlagde stopp i vassforsyninga eller avløpshandteringa på grunn av arbeid på kommunale leidningar. Drikkevatnet skal oppfylle fastsette krav til kvalitet (sjå drikkevassforskrifta). Vasstrykket skal vere minst 2 bar ved tilknytingspunktet på den kommunale vassleidningen. Du skal få varsel frå kommunen dersom det skjer vesentlege endringar i vasstrykk eller vasskvalitet. Er det vassmangel eller når andre forhold krev det, kan kommunen innføre restriksjonar på vassforbruk til spesielle føremål, til dømes hagevatning.
Målgruppe
Eigar av eigedom med vass- og/eller avløpsinstallasjonar som anten er tilknytte offentleg vass- og avløpsanlegg, eller som har fått pålegg om tilknyting etter reglane i plan- og bygningslova
Kriterium/vilkår
For tilknyting til offentleg vass- og avløpsanlegg gjeld abonnementsvilkåra for vatn og avløp – administrative og tekniske føresegner – som kommunen har vedteke. Desse vilkåra gjeld både for eksisterande og nye abonnentar, uavhengig av om abonnenten har skrive under ei erklæring om å overhalde vilkåra eller ikkje.
Kommunen er utan ansvar for skadar som kjem av svikt i vasstilførselen eller i avløpssystemet hos abonnenten, under dette tilbakeslag frå offentleg avløpsanlegg, med mindre svikten kjem av forsettleg eller aktlaust forhold frå kommunen si side. Kommunen kan krevje at anlegg blir reparert, utbedra, lagt om eller fjerna dersom dei er i strid med abonnementsvilkåra eller plan- og bygningslova.
Offentlege vass- og avløpsanlegg skal ikke vere overbygde. Ny byggjeverksemd, inklusive garasjar og støttemurar, skal ikkje plasserast slik at utbygginga er til ulempe for drift og vedlikehald av offentlege vass- og avløpsanlegg. Slik utbygging skal ha ein avstand til offentleg vass- og/eller avløpsanlegg på minst fire meter.
Til offentleg avløpsanlegg må ikkje tilførast væske, stoff, gass eller produkt som kan vere brann- eller eksplosjonsfarlege, miljø- eller helsefarlege eller skadelege for offentlege avløpsanlegg.
aaa