Tømmekalender/renovasjonskalender 2025
Her finn du tømmekalender/renovasjonskalender for 2025
Kjeldesorteringsguide
Er du i tvil om kva som skal kor? Her finn du ein kjeldesorteringsguide frå Renovest.
Retur av tekstil, klær og sko
Hyttereturpunkt
Det er like viktig å sortere avfall når ein er på hytta, som når ein er heime. Avfall frå hytta sorterast på same måte om vanleg hushaldningsavfall og bringast til eit av hyttereturpunkta. Som hytteabonnent i Fyresdal står du fritt til å nytte det returpunktet som passar deg best. Her finn du meir info om returpunkta.
Avfallsmottak
Skårmoen avfallsmottak ligg på veg inn mot Kleivgrend, ca. 8 km nord for sentrum. Dei held ope måndagar kl. 14.00-19.00, i tillegg til laurdagsope siste laurdag i mai, juni, juli og august kl. 09.00-13.00.
Matavfallsposar
Dersom du treng ekstra matavfallsposar, kan du få dette gratis i sentralbordet til Fyresdal kommune. Du finn oss i i Fyresdal Næringshage - Klokkarhamaren 6.
Restavfall
Alle hushaldningsabonnement - standard, mini, redusert og heimekompostering - nyttar plastdunkar på 120 liter. Dunkane er grå og er prega med "Restavfall" på lokket. Miniabonnement har i tillegg ein "M". Dunken skal plasserast ved køyreruta, også dei som har redusert abonnement. Avfallet kan leggast direkte i dunken, sekk trengs ikkje. 3 stykk eller fleire på same staden kan få samledunk til restavfallet. Dei som har utdelt dunk må bruke denne; svartsekkar som vert sett fram, vert ikkje henta.
Forskrift for innsamling og handsaming av hushaldsavfall mv.
01.01.2018 fekk kommunane Fyresdal, Kviteseid, Seljord, Tokke og Vinje ny forskrift for innsamling og handsaming av hushaldsavfall, tøming av slamskiljarar, privet, tette tankar mv. og for avfallsgebyr.
Ny renovasjonsforskrift inneber at alle fritidseigedomar/fritidsbustader har no eitt gebyr; "standard hytteabonnement".
Det er høve til å søke om fritak dersom fritidseigedomen ikkje er i bruk eller fritidseigedomen ligg meir enn 2 kilometer frå køyrbar heilårsveg.
Vi gjer merksam på at fritaket inneber at du ikkje kan nytte deg av hyttecontainerane, og heller ikkje får levere avfallet ditt gratis på bemanna mottak.
Avfallspyramiden
I avfallspyramiden grunngjev ein grunnprinsippa for avfallskretsløpet. Øvst står prinsippet om avfallsreduksjon – det å produsere mindre avfall. Punkt nummer to er gjenbruk – det å bruke ting på nytt. Det tredje punktet handlar om materialgjenvinning – det å lage nye ting med brukt materiale. Fjerde prinsipp handlar om energiutnytting – det å brenne og utnytte restenergien positivt (for eksempel varmen). Det siste punktet, punkt fem, handlar om deponering – det å legge avfallet på dynga, eller andre forsvarlege oppbevaringsstader.