Skjema
- Gravemelding, sanitærmelding og varslingsplan
- Sanitærabonnement (KF-364)
- Sanitæranlegg - avløp/utslepp spreidd busetnad (KF-363)
- Utsleppsløyve
- Vassavstenging - tinging (KF-470)
- Vassmålaravlesing (KF-262)
Eig du bustad, hytte, turistbedrift og liknande som ikkje er knytt til (eller kan knyttast til) offentleg avløpsanlegg, må du søkje kommunen om løyve til å sleppe ut avløpsvatn. Dersom verksemda berre slepp ut gråvatn, gjeld plikta berre dersom du har innlagt vatn. Med avløpsvatn meiner ein avløp frå vassklosett, kjøkken, bad og vaskerom. Med innlagt vatn meiner ein vatn frå vassverk, brønn og cisterneanlegg som blir ført innandørs gjennom leidning. Med gråvatn meiner ein avløp frå kjøkken, bad og vaskerom (klosettavløp ikkje inkludert).
Utsleppet er mindre enn 50 pe (personekvivalentar). Standardvilkåra går elles fram av forureiningsforskrifta kap. 12. Vilkår kan òg gå fram av løyvet. Eigaren av avløpsanlegget er ansvarleg for drift og vedlikehald etter forskrifta.
Kommunen kan kontrollere at anlegget er lokalisert, bygt og drive i samsvar med vilkår som går fram av løyvet.
Sjå ureiningslova § 22 krav til utførelse av avløpsanlegg og ureiningsforskriften kapittel 12 Krav til utslipp av sanitært avløpsvann fra bolighus, hytter og lignende
Kommunen gjev rettleiing om vilkår, forundersøkingar og korleis du skal søkje om utsleppsløyve. Skriftleg søknad skal mellom anna innehalde desse opplysingane:
Partar og andre som saka kan få følgjer for, skal ha varsel om innhaldet i søknaden. Kopi av varselet sendast kommunen. Eventuelle fråsegner skal leggjast ved søknaden.
Kommunen kan under søknadsbehandlinga fastsetje krav som skil seg frå kap. 12 i forskrifta eller nekte etableringa av utslepp. Når kommunen avgjer om det skal fastsetjast andre krav, skal det leggjast vekt på ureiningsulemper samanlikna med dei føremonene og ulempene som tiltaket elles vil medføre.
Fullstendig søknad om utsleppsløyve som er i samsvar med krava i kap. 12 i forskrifta, skal avgjerast av kommunen innan seks veker. Dersom kommunen ikkje har avgjort saka før fristen har gått ut, kan ein rekne med at løyvet er gjeve såframt det ikkje er nokon grunn til å tru at nokon av partane vil vere misnøgde med dette. Fullstendig søknad med krav som skil seg frå forskrifta, skal avgjerast så snart som mogleg.
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er klagenemnda i kommunen. Før klagen blir send dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli send til klagenemnda.